Josefine
Josefin, Josefina og Josefine er kvinnenamn danma av Josef som kjem frå hebraisk jōsēf (יוֹסֵף), 'Herren skal auka' og det feminiserande sisteleddet -ine. Josephine er ein annan vanleg skrivemåte for namnet. Josephin kan vera eit fransk mannsnamn. Josefa og Josefia er nærskylde kvinnenamn, medan Josetta, Josette, Josiane og Josina har liknande opphav. Jo, Jose, Josie og Jossa er moglege kortnamn.
Josefine har namnedag den 19. mars i Noreg, same dag som Josefina har svensk namnedag. Namnet blei teke inn i den svenske almanakken då kong Oskar I gifta seg med Josefina av Leuchtenberg.
Bruk
endreHistorisk utvikling av populariteten til namnet Josefine i Noreg.[1][2] |
Josefine var utbreidd som namn på norske jentebarn i siste halvdelen av 1800-talet. I 2009 var det 1 144 norske kvinner som heitte Josefine. 265 heitte Josephine, 52 Josefin og 29 Josefina.
I USA var namnet Josephine særleg populært på 1910-talet, då det blei gjeve til rundt 0,7 % av jentebarn.
Namneberarar
endre- Joséphine de Beauharnais (1763–1814), fransk keisarinne gift med Napoléon Bonaparte
- Josefina av Leuchtenberg (1807–1876), franskfødd dronning gift med kong Oscar I av Sverige og Noreg
- Josephine Baker (1906–1975), amerikansk-fransk artist
- Josephine Poole (f. 1933), engelsk forfattar
- Josephine Chaplin (f. 1949), fransk skodespelar
- Josefine Ottesen (f. 1956), dansk barnebokforfattar
- Josefine Lyche (f. 1973), norsk kunstnar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Josefine» frå Wikipedia på bokmål, og «Josefine» frå Wikipedia på svensk den 17. mars 2009.
- ↑ «Navnestatistikk». Statistisk sentralbyrå. Statistikk for navn i Norge
- ↑ «Digitalarkivet». Arkivverket. Folketellinger i Norge