Joséphine Baker

(Omdirigert frå Josephine Baker)

Joséphine Baker, fødd Freda Josephine McDonald (3. juni 190612. april 1975) var en amerikansk-fransk dansar, songar og varietéartist. Ho vart fransk statsborgar i 1937. I 2021 vart ho heidra av den franske presidenten då ho fekk ein gravplass i Panthéon i Paris.

Joséphine Baker
Baker Harcourt 1940 2.jpg
Fødd 3. juni 1906
Saint Louis
Død

12. april 1975 (68 år)
La Salpêtrière

Yrke songar, Vedete, filmskodespelar, gateartist, dansar, jazzmusikar, modell, skodespelar, offiser, etterretningsoffiser, skribent
Joséphine Baker på Commons
Josephine Baker fotografert av Carl Van Vecthen i 1949.

Liv og virkeEndra

 
Josephine Baker i sitt berømte bananskjørt i 1920-åra. Det vart fyrst teke i bruk i debutrevyen La Folie du Jour på revyteateret Folies Bergère i Paris 1926.

Joséphine Baker var etterkomar av nord-amerikanske urinnbyggjar og av slavar som opphavleg kom frå Afrika. Ho var uekte barn av vaskekona Carrie McDonald og den jødiske trommeslagaren Eddie Carson, og vaks opp i veldig fattige kår.

I 1921 vart Baker teken opp i ein vaudeville-trupp i St. Louis; då var ho berre femten år gamal og var allereie gift for andre gong med Willie Baker; dei skilde seg i 1925. Dette bringa ho til Broadway og Plantation Club, der ho umiddelbart vart med i musikalar som Shuffle Along (1921) og The Chocolate Dandies (1924). Ho vart ein nær venn av Eubie Blake og fleire av dei mest kjende jazzvokalistane på den tida. På denne tida fekk hun tilnamna «Black Venus», «Black Pearl» og «Creole Goddess»

I 1925 drog Baker til Paris og fekk jobb i oppsetjinga Revue Negre ved Théâtre des Champs-Élysées. Hennar erotiske dansenummer vart ein stor suksess; det vekte også oppsikt at ho var nesten naken på scena. Framsyninga vart send på europaturné, men etter ei tid braut Baker kontrakten og drog tilbake til Frankrike for å byrje i eit nytt engasjement ved Folies Bergère i 1926.

I 1928 var Baker på ny på europaturné, og da vitja ho også København og Oslo, med sitt bananskjørt og framsyning av songen J'ai deux amours – mon pays et Paris.

Senere vart Baker stjerne i filmene Den sorte Venus (1934), Princesse Tamtam (1935), Moulin Rouge (1941), Falsk alarm (1940), An jedem finger zehn... (1954) og Carosello del varietà (1955). Ho hadde også eit kortvarig engasjement i New York, i oppsetjinga av Ziegfeld's Follies (1936).

Etter andre verdskrig adopterte Baker i åras laup tolv barn med ulik nasjonal og etnisk bakgrunn, som ho gjorde eit poeng av å oppdrage i ulike religionar for å bevise at barn kan komme godt overeins sjølv om dei i det ytre er svært forskjellige.

I USA var Baker aktiv i kampen for borgarrettsrørsla saman med Martin Luther King jr., og deltok blant anna i marsjen mot Washington i 1963. Hun opptredde med en varietéforestilling i Oslo i 1957, og så seint som i 1972 var ho i NRK for å støtte den store innsamlingsaksjonen til fjernsynshuset. Eit hjarteattakk i 1964 avkorta karrieren hennar, og kort tid etter eit comeback i Carnegie Hall i 1975 døydde ho av hjerneslag. Etter at ho var daud vart Baker heidra i den franske hovudstaden ved at ein plass på Montparnasse fekk namnet «Place Josephine Baker».

UtmerkingarEndra

Baker fekk det franske krigskrosset Croix de Guerre for sitt motstandsarbeid under den andre verdskrigen. I november 2021 vart det kunngjort at ho ville få eit minnesmerke i Panthéon i Paris. Berre fem av dei 80 som tidlegare hadde fått eit gravminne der var kvinner; ho vart den sjette, og den fyrste svarte.[1] Etter ønskje frå familien vart ikkje dei jordiske leivningane til Baker flytta frå Monaco til Panthéon; urna som vart sett ned i nasjonalmonumentet i Paris inneheldt jord frå USA, Frankrike og Monaco, som var dei tre landa som Joséphine Baker særleg var knytta til i si levetid.

FilmografiEndra

  • 1927 – La folie du jour
  • 1927 – La Sirène des Tropiques
  • 1927 – Die Frauen von Folies Bergères
  • 1927 – La revue des revues
  • 1928 – Le pompier des Folies Bergères
  • 1934 – Zouzou
  • 1934 – Den sorte Venus
  • 1934 – Princesse Tam-Tam
  • 1940 – Moulin Rouge
  • 1940 – Falsk alarm (produsert i 1940, utgjeven i 1945)
  • 1954 – An jedem Finger zehn
  • 1955 – Carosello del varietà

KjelderEndra

  1. «Josephine Baker: The first Black woman to be inducted into France's Pantheon». Deutsche Welle. 30. november 2021. Henta 30. november 2021. «Of the 80 people buried in the storied mausoleum, only five are women. Baker is now the sixth female, and the first Black woman in history.» 

BakgrunnsstoffEndra