Opna hovudmenyen

Joseph Caillaux

fransk politikar

Joseph-Marie-Auguste Caillaux (30. mars 186322. november 1944) var ein framståande sosialradikal politikar i den tredje franske republikken. Han var Président du Conseil (statsminister) i 1911-1912 og finansminister i fleire periodar. Han blei seinare dømd for landsforræderi for å ha ivra for å forhandla fram fred med Tyskland under første verdskrigen. Caillaux er også kjend frå Caillaux-saka, der kona hans, Henriette Caillaux, drap ein avisredaktør i 1914.

Joseph Caillaux
Joseph Caillaux.jpg
Fødd 30. mars 1863

Le Mans

Død 22. november 1944 (81 år)
Mamers
Parti Parti radical
Verv Président du Conseil (statsminister)
 - periode 27. juni 1911–11. januar 1912
 - føregangar Ernest Monis
 - etterfylgjar Raymond Poincaré
Ektefelle Henriette Caillaux
Wikimedia Commons: Joseph Caillaux

Caillaux var fødd i Le Mans og utdanna seg som jurist. Han var finansminister i tre regjeringar før han frå 1911–12 var statsminister, mellom anna under Agadir-krisa. Deretter var han på ny finansminister.

Joseph Caillaux var krigsmotstandar, og blei i 1917 anklaga for å gå Tysklands ærend. Han blei arrestert i 1918 og dømt av det franske senatet til tre års fengsel og 10 års tap av statsborgarrettar. Han fekk amnesti i 1924. Caillaux blei vald til senator i 1924 og var tre gonger finansminister i kortare tidsrom. I åra før andre verdskrigen var Caillaux ein av dei mest aktive motstandarane mot folkefronten og bidrog til å styrta regjeringa til Léon Blum i 1937.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra