Léon Blum

fransk diplomat og politikar

Léon Blum (9. april 187230. mars 1950) var ein fransk sosialistisk politikar. Han var statsminister tre gonger: Frå 1936 til 1937, i ein månad i 1938, og frå desember 1946 til januar 1947.

Léon Blum

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 9. april 1872
Paris
Død

30. mars 1950 (77 år)
Jouy-en-Josas

Yrke politikar, diplomat, litteraturkritikar, journalist
Språk fransk
Politisk parti Section française de l'Internationale ouvrière
Medlem av Den franske liga for menneskerettigheter
Ektefelle Jeanne Blum, Thérèse Blum
Léon Blum på Commons
Léon Blum. Portrett av Félix Valloton

Blum var fødd i ein jødisk middelklassefamilie i Paris. Han studerte både litteratur og juss ved Sorbonne-universitetet, og arbeidde både som advokat og litteraturkritikar. Han vart ein av dei leiande litterære figurane i landet.

Det var Dreyfus-saka i 1894 som vekte Blum si interesse for politikk. Denne saka hadde stor effekt på mange av jødane i landet. Blum kom i kontakt med Jean Jaurès, som han kom til å sjå opp til. Han begynte å skrive i den sosialistiske dagsavisa L'Humanité, og vart snart ein framståande medlem i Det franske sosialistpartiet, SFIO (Section Francais de l'International Ouvrière).

I juli 1914, rett før første verdskrigen braut ut, vart Jaurès myrda, og Blum deltok meir aktivt i leiarskapen av partiet. I 1919 vart han vald til leiar i eksekutivkomiteen til partiet, og innvald i nasjonalforsamlinga frå Paris. I 1920 arbeidde han for å hindre ei kløyving mellom dei som støtta og dei som var skeptiske til den russiske revolusjonen. Men den revolusjonære fløya braut ut, tok L'Humanité med seg, og skipa Det franske kommunistpartiet, PCF.

Blum leidde SFIO gjennom 1920-åra og 1930-åra, og var òg redaktør for den nye avisa til sosialistane; Le Populaire. Blum var marxist, ikkje leninist.

Léon Blum vart vald som deputert frå Narbonne i 1929, og attvald i 1932 og 1936.

I 1934 endra situasjonen i fransk politikk seg. Adolf Hitler hadde tatt makta i Tyskland, og det var fascistisk uro i Paris. Kommunistane la bort den ekstremt fiendtlege haldninga dei hadde hatt til sosialistane, og i 1935 danna alle partia i sentrum og til venstre i fransk politikk Folkefronten, Front Populaire. I juni 1936 vann Folkefrontpartia ein stor siger ved vala, og Blum vart den første sosialisten og den første jøden som vart statsminister i Frankrike. Han vart utsett for mykje hets frå den katolske høgresida, og ein gong vart han dratt ut av bilen han sat i og mesta slått i hel av ei gruppe anti-semittar og royalistar.

Industriarbeidarane i Frankrike følgde opp valsigeren til Folkefronten med å okkupere fabrikkane, og mange følte at «revolusjonen» stod for døra. Men både Blum-regjeringa av sosialistar og det borgarlege sentrum, og støttepartiet deira, kommunistane, var med på å roe ned arbeidarane. Dei fekk lønsauke og meir fritid, men ingen revolusjon.

den spanske borgarkrigen braut ut, måtte Blum godta ei nøytral linje i staden for open støtte til dei spanske sosialistane, slik at det borgarlege sentrum ikkje skulle bryte ut av den franske Folkefronten, og for å minke faren for borgarkrig også i Frankrike. Frankrike var òg under press frå den konservative regjeringa i Storbritannia for å godta «ikkje-innblandingspolitikken» deira. Dei dilemma han stod overfor, gjorde at Blum gjekk av i juni 1937.

Trass i den korte levetida si, vedtok den franske Folkefrontregjeringa mange viktige lover, mellom dei 40 timars arbeidsveke, betalt ferie for arbeidarar, rett til kollektive lønsforhandlingar og nasjonalisering av våpenindustrien.

nazi-tyskarane okkuperte Frankrike i juni 1940, fór ikkje Blum frå landet. Han vart verande, og var blant dei få medlemene i nasjonalforsamlinga som røysta imot å gi vide fullmakter til kollaboratøren marskalk Pétain. Blum vart arrestert av kollaboratør-regjeringa i Vichy i september 1940, og heldt fengsla til 1942, då han vart stilt for retten tiltala for landssvik. Blum bruka rettssaka til eit oppgjer med franske militære og pro-tyske politikarar som Pierre Laval. Rettssaka gjekk så dårleg for Vichy-regimet at den tyske okkupasjonsmakta gav ordre om at ho skulle stansast.

I april 1943 deporterte nazi-tyskarane Blum til den tyske konsentrasjonsleiren Buchenwald, der han var i avdelinga for høgt rangerte personar til april 1945, då han vart forflytta til Dachau ved München, og så til Tyrol, fordi allierte styrkar nærma seg. På slutten av krigen gav naziregimet ordre om at han skulle avrettast, men dei lokale styresmaktene lydde ikkje lenger, og han vart redda av allierte styrkar i mai 1945. Bror hans, René Blum, vart derimot myrda av nazistane i Auschwitz.

Etter krigen gjekk Léon Blum inn att i politikken, og var statsminister ei kort stund i samlingsregjeringa som vart oppretta i det frie Frankrike. Han heldt fram med å skrive for sosialistavisa Le Populaire til han døydde 30. mars 1950.

Berømt sitat

«Kommunismen er ein teknikk, fascismen er ein estetikk, sosialismen er ein moral.»

Kjelder endre