Henriette Caillaux

Henriette Caillaux (fødd Henriette Raynouard5. desember 187429. januar 1943) var ei fransk overklassekvinne som er best kjend for drapet på Gaston Calmette, redaktøren i Le Figaro, då han truga omdømet til ektemannen hennar, den dåverande finansministeren og tidlegare statsministeren Joseph Caillaux.

Henriette Caillaux

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 5. desember 1874
Rueil-Malmaison
Død

29. januar 1943 (68 år)
Mamers

Yrke kunsthistorikar, sosietetsperson
Språk fransk
Ektefelle Joseph Caillaux, Léo Claretie
Henriette Caillaux på Commons
Henriette Caillaux. Portrett frå rundt 1910.

Bakgrunn endre

Henriette Raynouard var fødd i Rueil-Malmaison like utanfor Paris.[1] Som nittenåring gifta ho seg med den tolv år eldre forfattaren Léo Claretie. [2] Dei fekk to barn.

I 1907 byrja ho eit forhold med Joseph Caillaux medan begge framleis var gift. I 1908 fekk ho skilsmisse frå Léo Claretie, medan Caillaux hadde vanskar med å skilja seg frå si kone. Dei to gifta seg til slutt i oktober 1911.[2] Saman hadde dei ein formue på rundt 1,5 millionar franc, noko som gjorde dei til eit av dei rikaste para i Frankrike.[2]

Åtak endre

 
Illustration from Le Petit Journal (29 March 1914) depicting the assassination of Calmette by Madame Caillaux.

Som finansminister i Doumergue-regjeringa blei Joseph Caillaux utsett for ein langvarig pressekampanje der særleg Le Figaro under redaktør Gaston Calmette gjekk hardt ut mot han. Henriette Caillaux talde «138 artiklar på 95 dagar» om ektemannen i avisa.

Avisa gjekk frå å angripa Caillaux politisk til å sverta omdømet hans - ho kalla han uærleg og skulda han for å ha motteke bestikkingar. Calmette publiserte også ei rekkje brev av Caillaux som han hadde fått tak i på ulike vis - mellom anna skal han ha bestukke stovejenta til Henriette Caillaux for å få tak i brev ektemannen hadde skrive til henne.

16. mars 1914 tok Henriette Caillaux ei avgjerd om å «gje Calmette ein lærepenge», som ho seinare sa i politiavhøyr. I varehuset Gastinne Renette kjøpte ho ein halvautomatisk pistol - ein Browning .32 ACP - som ho prøvde ut i kjellaren. Om lag 17.15 lét ho seg køyra i ektemannen sin departementsbil til avislokala i rue Drouot. Fint kledd i svart satengkjole, ein jakke av karakulpels og ein hatt med fjør bar ho også ei muffe, som var nokså uvanleg for årstida, men som ho brukte til å skjula pistolen i.

Calmette var ute då ho kom, men var venta snart tilbake. Klokka 18 kom han innom avislokala saman med forfattaren Paul Bourget, og gjekk med på å gje Caillaux ein kort audiens.[3] Etter å ha veksla nokre ord trekte ho pistolen og skaut seks skot mot redaktøren - fire trefte, to av dei døyelege. Caillaux døydde på operasjonsbordet seks timar seinare.[4]

Henriette Caillaux venta på politiet i lokalet. Ho nekta å reisa til politikammeret i ein politibil, men lét seg i staden køyra i sin eigen bil, som framleis var parkert utanfor.[5] I avhøyra forklarte ho kva som hadde skjedd, at ho hadde villa gje Calmette ein lærepenge - og at ho håpa han ikkje var hard skadd.[6]

Rettssak endre

Rettssaka mot Henriette Caillaux byrja 20. juli 1914, og prega den franske offentlegdommen. Ho omfatta ei erklæring frå den franske presidenten, ei nær sagt uhøyrd hending nokon stad - og ei rekkje representantar frå den franske makteliten.

I ei tid då feminismen var i vinden, men framleis ikkje hadde vunne innpass i samfunnet, bygde advokaten hennar, Fernand Labori, forsvaret på tradisjonelle tankar om at kvinner var emosjonelt svakare enn menn. Drapet på Gaston Calmette var ikkje overlagt, hevda han, men eit pasjonsdrap. Forsvararen vann fram og Caillaux blei frikjend av juryen den 28. juli.

Rettsavgjerda er blitt kritisert, og mykje tyder på at Joseph Caillaux nytta kontaktane sine til å påverka saka. Ein ven av han, Jean Bienvenu-Martin, var blitt justisminster i juni 1914, medan fleire jurymedlemmer og hovuddommarar var vennleg innstilte til partiet hans.[7] Både aktor og forhøyrsommaren for saka blei tildelte æreslegionen kort tid før rettssaka starta.[8] Vidare skal ein nær ven av Caillaux, Pascal Ceccaldi, ha betalt korsikanske samansvorne for å bua eller applaudera vitna på kommando. [9]

Seinare liv endre

Tidleg på 1930-talet fekk Caillaux ein grad ved École du Louvre for ei avhandling om bilethoggaren Jules Dalou. I 1935 gav ho ut ei bok som lista opp arbeida til Dalou.[10] Ho døydde i Mamers i 1943.

Ettermæle endre

 
Filmplakat for The Caillaux Case i Motion Picture World (1918)

Ein amerikansk stumfilm om saka, The Caillaux Case, blei laga av Fox Film i 1918. Filmen var regissert av Richard Stanton. Madlaine Traverse spelte Henriette Caillaux og Eugene Ormonde var Gaston Calmette.[11] I filmen er Henriette Caillaux og ektemannen tysk-vennlege konspiratørar og forrædarar mot Frankrike.[12] I røynda var Joseph Caillaux ein forkjempar for fredeleg kompromiss med Tyskland under første verdskrigen, og blei dømt for landsforræderi for dette. Filmen var ingen økonomisk suksess.[13]

I 1968 blei det laga ein tysk fjernsynsfilm om Caillaux, Madame Caillaux, og i 1985 kom ein fransk fjernsynsfilm kalla L'Affaire Caillaux.

Kjelder endre

  1. Acte de naissance nº 213, année 1874, état civil de Rueil. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. 2,0 2,1 2,2 Berenson (1992), p.13. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  3. Martin (1984), s.151
  4. Martin (1984), s.152
  5. Berenson (1992), p.2
  6. Dominique Jamet (2013), «24», i Pygmalion, La Chute du président Caillaux  Oppgjeve av Fransk Wikipedia.
  7. Jean-Yves Le Naour (2007), Larousse, red., Meurtre au Figaro – Le procès Caillaux  Oppgjeve av Fransk Wikipedia.
  8. Jean-Claude Allain, 1978, s. 430. Oppgjeve av Fransk Wikipedia.
  9. Lionel Dumarcet, L'Affaire Caillaux, Éditions De Vecchi, 1999, 142 pages, s. 88 ISBN 2732829242. Oppgjeve av Fransk Wikipedia.
  10. Henriette Caillaux, Aimé-Jules Dalou, L'homme - L'œuvre, Paris, Delagrave, 1935
  11. «The Caillaux Case (1918)». IMDb. Henta 27 April 2014.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  12. Mavis, Paul (2011). The Espionage Filmography: United States Releases, 1898 through 1999. McFarland. ISBN 1476604274.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  13. Solomon, Aubrey (2011). The Fox Film Corporation, 1915-1935: A History and Filmography. McFarland. s. 34. ISBN 0786486104.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.

Bakgrunnsstoff endre

  • Kershaw, Alister. Murder in France. (London: Constable, 1955), 90-117.
  • Berenson, Edward. The Trial of Madame Caillaux (Univ of California Press: Oxford, 1992). ISBN 0-520-08428-4
  • Martin, Benjamin F. (1984). The Hypocrisy of Justice in the Belle Epoque. Louisiana State University Press.