Joseph Robert Fisher

Joseph Robert Fisher (185526. oktober 1939) var ein advokat, journalist, redaktør, nordirsk unionist og forfattar fødd i Raffrey i grevskapet Down i noverande Nord-Irland. I karrieren si veksla Fisher mellom å vera journalist i dagspressa og advokat i London, å vera redaktør for Belfastavisa Northern Whig og å skriva bøker om irsk og europeisk politikk og presselovgjeving. Den mest framskotne, og truleg viktigaste rolla han har hatt, var å vera medlem Grensekommisjonen Fristaten/Nord-Irland (1924). I denne representerte han dei nordirske unionistane. Kommisjonen skulle fastsetja grensa mellom den irske fristaten og Nord-Irland.

Joseph Robert Fisher
Fødd 1855
Død

26. oktober 1939
Hampstead

Yrke skribent, redaktør

LivEndra

Tidleg liv og virkeEndra

Joseph Robert var son av den lokale prebyterianske presten i Raffrey i grevskapet Down, Ringland Fisher. He hadde skulegang frå Royal Belfast Academical Institution, og studerte ved Queen's University, Galway, der han vart uteksaminert med BA i 1876. Fisher var utanriksredaktør for London Daily Chronicle til 1881 og assisterande redaktør for London Evening Standard. Han byrja å praktisera som advokat relativt seint, frå 1888, til 1900. Tidleg i 1900, då han flytta til Belfast, vart han redaktør i unionistavisa Northern Whig. Han var redaktør fram mot fyrste verdskrigen.[1]

Grensekommisjonen 1924-1925Endra

I eldre årEndra

Då arbeidet i grensekommisjonen tok slutt i 1925, var Fisher 70 år. Han trekte seg då attende frå offentleg liv og flytta til den eksklusive overklasse- og kulturelitedominerte bydelen Hampstead i London. Han døydde, utan å ha vore gift, 26. oktober 1939.

Bøker og andre skrifterEndra

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. John O. Stubbs: The Unionists and Ireland, 1914-18. I The Historical Journal Vol. 33 nr. 4 desember 1990.
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.