Den irske fristaten

Den irske fristaten var ein stat med status som dominion i Det britiske imperiet. Han eksisterte i åra 19221937, og var ein forløpar til Republikken Irland. Fristaten omfatta 26 av dei 32 grevskapa på øya Irland.

Seglet til Den irske fristaten.

Fristaten vart oppretta i 1922 etter forhandlingar mellom britiske styresmakter og irske nasjonalistar med Michael Collins i brodden. Den anglo-irske traktaten blei underteikna i London den 6. desember 1921, og fristaten blei skild ut frå Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland den 6. desember 1922.

Forhandlingsresultatet kom etter fleire år med blodige kamphandlingar, under den irske sjølvstendekrigen. Kompromisset gjekk ut på at irane fekk fullt indre sjølvstyre, men måtte formelt framleis godta den britiske monarken som statsoverhovud, og at dei seks nordaustlege fylka, sidan kalla Nord-Irland eller Ulster, framleis var under britisk og lojalistisk kontroll. Fristaten vart sidan til Republikken Irland.

Sjå og endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Den irske fristaten