Joseph Scaliger

Joseph Justus Scaliger (5. august 154021. januar 1609) var ein fransk filolog, son av Julius Caesar Scaliger og Andiette de Roques Lobejac.

Joseph Scaliger
Scaliger.jpg
Pseudonym I. R. Batavus, Joannes Rutgers, Yvo Villiomarus, Nicolas Vincent, Nicolaus Vincentius
Fødd 5. august 1540
Agen
Død

21. januar 1609 (68 år)
Leiden

Yrke historikar, skribent, arkeolog, professor, omsetjar, universitetslærar, klassisk filolog, lyrikar, numismatiker, filolog
Far Giulio Cesare Scaligero
Joseph Scaliger på Commons

Scaliger var fødd i Agen i Frankrike. Han studerte klassisk og orientalsk litteratur i Bordeaux og Paris og lærte seg å beherska fleire språk. Han utførte fleire reiser, mellom anna til England og Skottland, og verka i fleire år som professor i Genève, men vende seinare tilbake til Frankrike. I 1593 blei han kalla til professor i Leyden, der han blei verande til han døydde.

Som filologisk kritikar var han banebrytande på fleire område. Han skreiv mellom anna verket Conjectanea in Terentium Varronem (1573).

Ei endå større forteneste oppnådde han likevel ved innsikta si i kronologien for oldtida, noko som er grunnen til at han er blitt kalla «far til kronologien». Eit viktig verk i dette høvet er De emendatione temporum frå 1583.

Mesolabium, 1594

KjelderEndra

LitteraturEndra

  • Jacob Bernays: Joseph Justus Scaliger. Hertz u. a., Berlin u. a. 1855 (Nachdruck: Zeller, Osnabrück 1965), (Ausgabe 1855 online).
  • Philippe Tamizey de Larroque (utg.): Lettres françaises inédites de Joseph Scaliger. Michel eit Médan u. a., Agen u. a. 1879 (Nachdruck: Slatkine, Genf 1970).
  • John Edwin Sandys: A History of Classical Scholarship. Band 2: From the Revival of Learning to the End of the Eighteenth Century (in Italy, France, England, and the Netherlands). Cambridge University Press, Cambridge 1908, S. 199–204 (Nachdruck: Martino, Mansfield Centre CT 2009, ISBN 978-1-578-98048-2).
  • Anthony Grafton: Joseph Scaliger. A Study in the History of Classical Scholarship. 2 Bände (1: Textual Criticism and Exegesis. 2: Historical chronology). Clarendon Press, Oxford 1983–1993, ISBN 0-19-814850-X (Bd. 1), ISBN 0-19-920601-5 (Bd. 2), (Oxford-Warburg Studies).