Joseph Weber
Joseph Weber (17. mai 1919–30. september 2000) var ein amerikansk fysikar.
Joseph Weber | |||
| |||
Fødd | 17. mai 1919 Paterson | ||
---|---|---|---|
Død | 30. september 2000 Pittsburgh | ||
Nasjonalitet | USA | ||
Område | fysikk | ||
Yrke | fysikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | University of Maryland | ||
Alma mater | Catholic University of America Naval Postgraduate School United States Naval Academy Eastside High School | ||
Doktorgradsrettleiar | Keith J. Laidler |
Han var professor ved University of Maryland frå 1948 og er er kjent for studium av generell relativitetsteori og gravitasjon. I 1968 påviste han ved hjelp av spesielle mekaniske antenner svingingar som han tolka som eit resultat av gravitasjonsbølgjer. Slike bølgjer skal ifølgje Einstein sin generelle relativitetsteori kunne finnast, og ei påvising av dei blir rekna som eit viktig bevis på at teorien er gyldig. Forsøk på å reprodusere den direkte deteksjonen av gravitasjonsbølgjene til Weber har førebels ikkje lukkast. Eksperimenta hans stimulerte vidareutviklinga av metodar for å detektere slike bølgjer.
Kjelder
endreJoseph Weber. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Joseph_weber