Joshua Kiprui Cheptegei (fødd 12. september 1996) er ein langdistanseløpar frå Uganda. Han vart verdsmeister på 10 000 meter i 2019 og olympisk meister på 5 000 m under Sommar-OL 2021 i Tokyo. Sommaren 2020 sletta han verdsrekordane på 5 000 meter og 10 000 m.

Joshua Cheptegei


Statsborgarskap Uganda
Fødd 12. september 1996 (27 år)
Kapchorwa
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2016 – 5 000 meter menn, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 10 000 meter menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 5 000 meter menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 10 000 meter menn

Aktiv endre

Cheptegei pressa spurtsterke Mo Farah heilt inn til mål på 10 000 meter då Friidretts-VM 2017 vart avvikla i London, tida 26.49,9 var personbeste og gav han sølv. Våren 2019 tok han gullmedaljen i VM i terrengløp i Århus. Ved verdsmeisterskapen i Doha hausten 2019 spurta han inn til gull på 10 000 m, sekundet før nestemann.

I Monaco 14. august 2020 forbetra Cheptegei verdsrekorden på 5 000 meter med to sekund til 12.35,4, den gamle rekorden til Kenenisa Bekele hadde stått i 16 år. 7. oktober 2020 i Valencia sletta Cheptegei også Bekeles verdsrekord på 10 000 m. Den nye rekordtida 26.11,0, var ei forbetring på 6,5 sekund. Frå dei olympiske sommarleikane i Tokyo sommaren 2021 reiste Cheptegei med gull og sølv. På mila måtte han sjå seg slått av Selemon Barega frå Etiopia, ei veke seinare var han bestemann i oppløpet på 5 000 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • VM 2015 i Beijing: Nr 9 på 10 000 m – 27.48,8
  • OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 6 på 10 000 m – 27,10,0 og nr 8 på 5 000 m – 13.09,1
  • VM 2017 i London: Sølvmedalje på 10 000 m – 26.49,9, bakom Mo Farah (26.49,5)
  • VM 2019 i Doha: Gullmedalje på 10 000 m – 26.48,3 , framom Yomif Kejelcha (26.49,3)
  • OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje på 5 000 m – 12.58,1 og sølvmedalje på 10 000 m – 27.43,6

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre