Journey av Journey

Journey av Journey
Studioalbum av Journey
Språk engelsk
Utgjeve 1. april 1975
Innspelt CBS Studios, San Francisco, California, November 1974
Sjanger Progressiv rock, jazzfusion[1]
Lengd 36:57
Selskap Columbia
Produsent Roy Halee
Journey-kronologi 
Journey av Journey Look into the Future
(1976)


Singlar frå Journey
  1. «To Play Some Music»
    Utgjeve: Juni 1975

Journey er det sjølvoppkalla debutalbumet til det amerikanske bandet med same namn. Det kom ut i 1975 på Columbia Records. I motsetnad til seinare innspelingar, er dette jazzaktig progressiv rock som fokuserer på den musikalske dugleiken deira.[3] Det er det einaste albumet med rytmegitaristen George Tickner i bandet.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]
Rolling Stone(positiv)[2]

Journey spelte inn eit demoalbum før dei gav ut Journey, med dei same songane i ei anna rekkjefølgje og med Prairie Prince som trommeslagar. Det var òg nokre ekstra spor, mellom andre nokre instrumentalar, som ikkje kom med på det endelege albumet, inkludert det originale tittelsporet på demoalbumet, «Charge of the Light Brigade».

Innhald

endre
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Of a Lifetime»Gregg Rolie, George Tickner, Neal Schon6:54
2.«In the Morning Day»Rolie, Ross Valory4:27
3.«Kohoutek» (Instrumental)Schon, Rolie6:46
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
4.«To Play Some Music»Rolie, Schon3:19
5.«Topaz» (Instrumental)Tickner6:12
6.«In My Lonely Feeling/Conversations»Rolie, R. Valory5:01
7.«Mystery Mountain»Rolie, Tickner, Diane Valory4:23

Medverkande

endre

Kjelder

endre