Opna hovudmenyen

Aynsley Dunbar

britisk trommeslagar

KarriereEndra

Dunbar vart fødd i Liverpool i England. Han prøvespelte for The Jimi Hendrix Experience og Hendrix hadde vanskar å velje mellom Dunbar og Mitch Mitchell, men det var sistnemnde som vann etter at Hendrix kasta mynt.

Dunbar leia Aynsley Dunbar Retaliation som gav ut fleire album. Dunbar var medlåtskrivar på «Warning», spelt inn av Black Sabbathdebutalbumet deira. Dunbar-versjonen vart spelt inn i 1967 for soloutgjevinga hans på The Aynsley Dunbar Retaliation.

Dunbar starta så eit kortvarig progrockband kalla Blue Whale, som debuterte med ein turne i Skandinavia i januar 1970. Etter at den opphavlege besetninga i King Crimson kollapsa, prøvde Dunbar utan hell å få tak i Robert Fripp som gitarist i Blue Whale. Fripp, prøvde så, òg han utan hell, å hyre Dunbar som den nye trommeslagaren i King Crimson.

Dunbar spelte seinare trommer for Frank Zappa sitt Mothers of Invention, og spelte på album som Waka/Jawaka og The Grand Wazoo, samt i filmen 200 Motels. I 1974 spelte han på filmmusikken til Dirty Duck, ein animasjonsfilm for vaksne av Chuck Swenson. Midt i 1970-åra spelte Dunbar trommer for tidlegare Grin-leiar, Nils Lofgren, før han vart med i Journey for dei første fire albuma deira. Han forlet dei og vart med i Jefferson Starship for tre album. I 1985 vart Dunbar med Whitesnake og spelte trommer albumet deira Whitesnake. Han har òg spelt trommer for Eric Burdon og The Animals.

I nyare tid har han spelt trommer på Jake E. Lee-albumet Retraced (2005).

Han har vore trommeslagar for World Classic Rockers sidan 2003.

DiskografiEndra

Med Aynsley Dunbar RetaliationEndra

  • The Aynsley Dunbar Retaliation (1968)
  • Doctor Dunbar's Prescription (1969)
  • To Mum, From Aynsley & The Boys (1969)
  • Remains To Be Heard (1970)

Aynsley DunbarEndra

  • Mutiny (2008)

Med Blue WhaleEndra

  • Blue Whale (1971)

Med John Mayall & BluesbreakersEndra

Med Frank ZappaEndra

Med David BowieEndra

Med Lou ReedEndra

Med Mick RonsonEndra

Med Nils LofgrenEndra

Med Ian HunterEndra

Med Paul KantnerEndra

Med JourneyEndra

Med Sammy HagarEndra

Med Jefferson StarshipEndra

Med WhitesnakeEndra

Med Ronnie MontroseEndra

Med UFOEndra

Med Jake E. LeeEndra

KjelderEndra

  1. Huey, Steve. «Biography: Aynsley Dunbar». Allmusic. Henta 4. mai 2011. 

BakgrunnsstoffEndra