Judy Dyble
Judith Aileen Dyble, betre kjend som Judy Dyble, (13. februar 1949–12. juli 2020) var ein prisvinnande britisk songar og låtskrivar som var mest kjend for å ha vore med på å starte Fairport Convention. Ho er ofte vorte omtalt som ein folkrock-artist, sjølv om ho faktisk aldri gjorde innspelingar innan denne sjangeren med bandet. Ho spelte òg i Trader Horne, og var ei kort stund med i starten av King Crimson. I tillegg arbeidde ho stundom på ei solokarriere og i 2009 gav ho ut det prisvinnande albumet Talking with Strangers.
Judy Dyble | |||
| |||
Fødd | 13. februar 1949 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Fitzrovia | ||
Død | 12. juli 2020 (71 år) | ||
Fødenamn | Judy Aileen Dyble | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1960-2020 | ||
Sjanger | rock | ||
Instrument | vokalist, autoharpe, piano, blokkfløyte | ||
Tilknytte artistar | Fairport Convention Giles, Giles and Fripp Trader Horne | ||
Verka som | songar |
Biografi
endreDet første bandet hennar var Judy and The Folkmen, som eksisterte mellom 1964 og 1966. Ho vart så den første vokalisten i Fairport Convention frå 1967 til 1968. Albumet spelte inn debutalbumet med ho. Under konsertane seint på 1960-talet delte ho scene med namn som Jimi Hendrix og Pink Floyd med Syd Barrett. Ho er mellom anna kjend for å ha sete på scenen og strikka medan Hendrix og Richard Thompson spelte i lag. Dyble var òg gjest på The Incredible String Band-albumet The Hangman's Beautiful Daughter i 1968 og på G.F. Fitz-Gerald sitt Mouseproof i 1970.
Etter Fairport Convention, vart Dyble (i lag med den dåverande kjærasten Ian McDonald) med i det engelske popbandet Giles, Giles and Fripp[1] ved å sette inn ei annonse i Melody Maker.[2] Bandet, utan Dyble, utvikla seg etter kvart til det progressive rockebandet King Crimson.
Dyble starta seinare duetten Trader Horne, med tidlegare Them-medlem Jackie McAuley.[3]
I 1973 forlet Dyble musikkindustrien for å arbeide med ektemannen DJen Simon Stable og seinare arbeidde ho som bibliotekar.
I 1981 under den årlege Fairport Convention-gjenforeininga dukka Dyble overraskande opp som gjesteartist. Ho dukka òg opp i 1982, og på 30- og 40-årsjubileet deira.
I 2003 byrja Dyble å skrive låtar og spele igjen og ho gav ut fleire album.
Judy Dyble har også samarbeidd med norske Sleepyard på dei to albuma Black Sails (2014) og Winter Crickets (2017).
Diskografi
endre- Album
Tittel | Artist | Selskap | Katalognr. | Utgjeve | Region |
---|---|---|---|---|---|
Fairport Convention | Fairport Convention | Polydor | 583 035 | Juni 1968 | UK |
Morning Way | Trader Horne | Dawn | DNLS 3004 | Mars 1970 | UK |
Janus | JLS3012 | USA | |||
Enchanted Garden | Judy Dyble | Talking Elephant | TECD 068 | September 2004 | UK |
Spindle | Judy Dyble | Talking Elephant | TECD 084 | Februar 2006 | UK |
The Whorl | Judy Dyble | Talking Elephant | TECD 094 | Juli 2006 | UK |
Talking with Strangers | Judy Dyble | FiXiT/Brilliant | FXTRCD 113 | August 2009 | UK |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Judy Dyble» frå Wikipedia på engelsk, den 26. januar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Giles,Giles & Fripp feat Judy Dyble I Talk To The Wind». YouTube. 26 February 2009. Henta 27. januar 2011.
- ↑ Barroso, Koldo (mars 2007). «Interview with Judy Dyble of Fairport Convention». The Marquee Club. Arkivert frå originalen 5. juli 2008. Henta 27. januar 2011.
- ↑ «Judy Dyble». Burning Shed. 2009. Henta 27. januar 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Judy Dyble - Ooff
- Judy Dyble @ Myspace.com
- Intervju med Judy Dyble Arkivert 2008-07-05 ved Wayback Machine.