Opna hovudmenyen
Denne artikkelen handlar om multiinstrumentalisten. For folkrockmusikaren, sjå Iain Matthews.

Ian McDonald (fødd 25. juni 1946) er ein engelsk multiinstrumentalist som er mest kjend for å ha vore med å starte det progressive rockebandet King Crimson i 1969 og hardrockbandet Foreigner i 1976. Han er òg ein mykje nytta studiomusikar, hovudsakleg som saksofonist. Han spelar òg fløyte, vibrafon, klaverinstrument og gitar.

Ian McDonald
Ian McDonald (2009).jpg
Ian McDonald i 2009
Fødd25. juni 1946 (73 år)
FødestadOsterley i Middlesex
OpphavStorbritannia
Aktiv1960-åra til i dag
Sjangerrock
InstrumentSaksofon, fløyte, gitar, klaverinstrument, vibrafon
Tilknytte artistarKing Crimson
Foreigner
Verka somsaksofonist, gitarist, multiinstrumentalist, musikar, komponist, musikkprodusent

Med King Crimson spelte han på debutalbumet In the Court of the Crimson King. Like etter forlet McDonald og trommeslagar Michael Giles bandet og danna ei gruppe som gav ut albumet McDonald and Giles. Han dukka opp att i King Crimson i 1974 og var meint å bli fulltidsmelem, men fekk aldri høve fordi Robert Fripp valde å legge ned gruppa.

Han var så med på å danne bandet Foreigner i 1976, der han spelte gitar, samt treblåseinstrument og klaverinstrument.[1] Han har òg spelt som studiomusikar og deltok på hitsingelen «Get It On (Bang a Gong)» av T. Rex, og innspelingar av Linda Lewis og Christine Harwood. I 1999 gav han ut soloalbumet Drivers Eyes.

I 2002 var han med å starte 21st Century Schizoid Band saman med andre tidlegare King Crimson-medlemmar.

DiskografiEndra

Med King CrimsonEndra

Med McDonald and GilesEndra

Med FruuppEndra

  • Modern Masquerades (1975)

Med ForeignerEndra

Med Steve HackettEndra

Med John WettonEndra

Solo albumEndra

Med 21st Century Schizoid BandEndra

Med Waking in the BlueEndra

  • Isn't It Pretty to Think So (2003)

Med Keith Tippett's CentipedeEndra

FilmmusikkEndra

Som produsent eller gjestemusikarEndra

KjelderEndra

  1. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 318. CN 5585.