Jugendstilsenteret
Jugendstilsenteret er eit formidlingssenter for jugendstil som ligg i den gamle apotekergården like ved Brosundet i Ålesund. Bygget er teikna av arkitekten Hagbarth Schytte-Berg og oppført mellom 1905-07. Det var det første jugendstilhuset som blei freda i Ålesund (1984) og inneheld i dag Ålesunds best bevarte jugendstilinteriør. Senteret vart opna i 2003. Det nyttar både moderne multimedieutstillingar og viser meir tradisjonelle gjenstandsutstillingar.
Jugendstilsenteret | |||
| |||
Stil | jugendstilarkitektur | ||
---|---|---|---|
Jugendstilsenteret 62°28′16″N 6°09′04″E / 62.47101°N 6.15109°E |
Utstillingar
endreJugendstilsenteret er eit formidlingssenter og museum som både nytta moderne multimedieutstillingar og viser meir tradisjonelle gjenstandsutstillingar. I utstillinga Fra aske til jugendstil kan ein ta ein tidsmaskin tilbake til bybrannen i Ålesund 1904 og gjennom to multimedieprogram kan ein læra meir om brannen og gjenoppbygginga av jugendstilbyen. Utstillinga Håndverk og arkitektur kan ein læra meir om gammalt handverk og sjå ulike arkitekturmodellar. Multimedieprogrammet Den nye kunsten fortel om jugendstil i Noreg og i Europa. I gjenstandsutstillinga Den vakre jugendstilen kan ein sjå kunst og kunsthandverk frå perioden.
Tusenårsstad
endreJugendstilsenteret er tusenårsstad for Møre og Romsdal.
Galleri
endre-
Gjenstandsutstillinga Den vakre jugendstilen på Jugendstilsenteret
-
Apoteker Øwres spisestue utstilt på Jugendstilsenteret
Bakgrunnsstoff
endre- Jugendstilsenteret og KUBE ved vitimusea.no
- Jugendstilsenteret i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren