Juhani Lehtiranta

Språkforskar

Juhani Lehtiranta er ein finsk språkforskar frå Nurmijärvi. Han skreiv doktoravhandlinga si om pitesamisk språk. Arjeploginsaamen ääne- ja taivutusopin pääpirteet. I tillegg har han skrive to sentrale verk. Det eine er Yhteissamelainen sanasto, eit oversyn over rekonstruerte ord i ursamisk og dei tilsvarande orda i moderne samiske språk. Det andre er ei utgåve av Erkki Itkonens kildinsamiske tekstsamlingar.

Juhani Lehtiranta har òg vore oppteken av typesnitt. I samband med arbeidet sitt med samisk språkforsking frå 1980-talet og framover trengte han å representere det finskugriske lydalfabetet digitalt. Dermed laga han ulike serier av typesnitt, både for samiske språk, for det finskugriske lydalfabetet og for mange språk i Europa og asiatisk Russland som på det tidspunktet ikkje var representert i kommersielle løysingar i det heile. I samband med dette arbeidet grunnla Lehtiranta i 1985 firmaet JL-Types.[1]

Kjelder endre

Bibliografi endre

  • Itkonen, Erkki 1985: Kildinlappische Sprachproben. Herausgegeben von Juhani Lehtiranta. Suomalais-Ugrilaisen Seuran Toimituksia 191.
  • Lehtiranta, Juhani 1989: Yhteissamelainen sanasto. Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia 298.
  • Lehtiranta, Juhani 1992: Arjeploginsaamen ääne- ja taivutusopin pääpirteet. Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia 212.

Bakgrunnsstoff endre