Det finsk-samiske urspråket

Det finsk-samiske urspråket (finsk varhaiskantasuomi) er ur-austersjøfinsk og ursamisk sitt felles urspråk. Ur-austersjøfinsk vart seinare utvikla til dei noverande austersjøfinske språka, og ursamisk til dei ulike samiske språka. Vokalsystemet i det finsk-samiske urspråket er best bevart i dei austersjøfinske språka, mens konsonantsystemet i det finsk-samiske urspråket er best bevart i dei ulike samiske språka. Kunnskapen vi har om det finsk-samiske urspråket har vi frå den historisk-samanliknande språkforskinga.

Det finsk-samiske urspråket er den vestlege greina av det finsk-samisk-mordvinske urspråket. Mange av dei språklege trekka vi finn i det finsk-samiske urspråket er også til stades i det finsk-samisk-mordvinske urspråket.

Utviklinga av hypotesen om eit finsk-samisk urspråkEndra

Vi veit frå historiske kjelder at det har vore snakka fleire uralske språk i det geografiske området mellom det finsk-samiske urspråket og mordvinsk, russiske krøniker frå 800-talet nemnar språka merja og muroma. Det er mogleg å konstruere eit felles urspråk for ursamisk, uraustersjøfinsk og urmordvinsk (som også har omfatta dei no utdøydde språka), slik at alle dei andre uralske språka har vore utanfor dette urspråket. Om ur-austersjøfinsk og ur-samisk går direkte attende til dette urspråket, og ikkje via eit felles finsk-samisk urspråk er omstridd.

Eksistensen av eit finsk-samisk urspråk har likevel vore ein sentral hypotese i samanliknande fennougristikk gjennom heile 1900-talet. Allereie Arvid Genetz viste at vokalismen i samisk kan bli forklart med ei samanlikning av samisk, austersjøfinsk og mordvinsk. Dette synet var omstridd i samtida (både av E. N. Setälä og Karl B. Wiklund), men vart rehabilitert av Erkki Itkonen i 1937[1]. På 1990-talet argumenterte m.a. Tapani Salminen for ein modell utan gruppering av dei 7 uralske språkgreinene, og dermed verken finsk-samiske eller finsk-samisk-mordvinske urspråk, men dette synet har ikkje slått gjennom.

LydsystemEndra

For meir om dette emnet, sjå Samisk lydhistorie.

For det finsk-samiske urspråket er det mogleg å rekonstruere følgjande lydsystem.

  • konsonantar: p t k s s' š c ć č m n ń ŋ δ δ' l r v j
  • vokalar, første staving: i ü u e o ä a
  • vokalar, andre staving: e o ä a

GrammatikkEndra

For det finsk-samiske urspråket er det rekonstruert følgjande seks kasus:[2]

  • nominativ: * -ø
  • genitiv: * -n
  • akkusativ: * -m
  • lokativ: * -nA
  • ablativ: * -tA
  • lativ: * -k, -s

Genitiv har vorte brukt også som dativ (for å uttrykke indirekte objekt). Sannsynlegvis har objektet vorte uttrykt både med akkusativ og med eit separat partitivt kasus, evt. med ablativ. Denne kasusvekslinga finst både i austersjøfinsk og i mordvinsk, og det er restar av henne også i fleire samiske språk.

Det har vore tre numerus:[3]

  • Eintal (singular): * -ø
  • Total (dual): * -k-, -n-
  • Fleirtal (plural): * -t (i nominativ og akkusativ), -j (i andre kasus)

Possessivformene har uttrykt numerus for både eigar og eigd.[4]

KjelderEndra

  1. jf. Erkki Itkonen Der Ostlappische Vokalismus vom qualitativen Standpunkt aus mit besonderer Berücksichtigung des Inari- und Skoltlappischen (1939), og ei overordna drøfting i Korhonen, Mikko 1986: Finno-Ugrian language studies in Finland 1828-1918. The History of learning and science in Finland 1828-1918 ; 11. Helsinki, 1986.
  2. Hakulinen 1979
  3. Halulinen 1979.
  4. Hakulinen 1979.

LitteraturEndra