Ei jukse, eller ein hil, er ein fiskereiskap for fiske frå småbåt. Ordet jukse kjem frå norrønt djúpshǫfn som tyder «djupsagn». På engelsk heiter det "jigging"

Juksa består av

  • ei sule til å vinde fiskesnøre på,
  • fiskesnøre for å fiske like over havbotnen,
  • ein pilk, d.v.s. eit synkelodd med ongul. Pilken imiterer ein fisk.
  • om ein vil, fleire småonglar festa på snøret ovom pilken. Til desse onglane kan det vere festa ein imitasjon av ein mark eller ein liten fisk.

Ved fiske med jukse firer fiskaren juksa til botnen, tek inn att eit par famner og dreg så snøret rytmisk opp og ned til fisken bit på ein av onglane. Juksa brukast mellom anna ved fiske etter torsk.

I 1960 vart juksemaskinen oppfunnen av Thorbjørn Christiansen i Nyksund.

Litteratur

endre