Opna hovudmenyen

Jul-Anders er ein førjulstradisjon frå Nord-Noreg. Kvelden 30. november er Jul-Anderskvelden i somme bygder i Salten. Då kom han Jul-Anders på besøk i heimane, og han måtte handsamast på skikkeleg vis om han ikkje skulle bli vreid og gjere ugagn – i verste fall røve med seg ungar i huset.

Bakgrunnen for julandersskikken er ikkje kjend. Jul-Anderskvelden fell saman med St. Andreas' dag. Det er derfor grunn til å tru at det er ein samanheng mellom Jul-Anders og katolsk tid i Noreg. Men noko av innhaldet i skikken minnar òg om heidensk tid med bortføring av ungar som eit viktig element. Jul-Anders liknar òg på ein figur vi møter ved juletider i andre delar av landet, julebukken, og til ein viss grad òg på eit nyare fenomen i Noreg, halloween. Julandersskikken er ikkje dokumentert skriftleg frå eldre tid, og vi har såleis berre munnleg tradisjon å bygge denne artikkelen på.

Det var helst unge, vaksne menn som gjekk Jul-Anders. Dei måtte kle seg ut etter visse reglar. Drakta skulle ha dyrepreg, gjerne med skinn frå ville dyr, men det kunne òg vere frå husdyr. Dyrepreget kunne vere understreka ved at Jul-Anders gjerne hadde ei kurumpe festa til drakta. Fottøyet skulle stå i stil, og maska var laga av skinn og skulle vere så grotesk som mogleg, gjerne med hoggtenner og horn, og med blodflekker og flenger. Som døme på slike groteske innslag kunne vere horn som var fylte med blod, eller ei anna raudfarga væske, og som «tilfeldig» kunne få lekkasje medan Jul-Ander var innom ein stad.

Det var ofte fleire julandersar i følgje, og somme av dei hadde gjerne ei bjølle rundt halsen eller festa til drakta slik at det høyrdest når «hån Jul-Anders» nærma seg. Dei hadde òg ein lang stav i eine handa, og gjerne ein sekk over skuldra. Når følgjet nærma seg ein gard, ringla dei kraftig med bjøllene og dunka med staven i døra eller veggen. Møtet med folk i huset var prega av ritual. Jul-Anders vart gjerne spurt om kvar han kom frå, og då var svaret gjerne «Riebivagge», eit område langt inne i fjellet. I somme tradisjonar skulle Jul-Anders seie denne regla til husbondsfolket:

Får e' ikkj' kørs og kak'
ska' e' aljlj ungan tak'
Får e' ikkj' kørs og krengel
ska' e' om jula rengel

Så vart følgjet invitert i hus og bydd å ete.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra