Julebrev
Julebrev er eit brev ein sender eller mottek til jul,[1] ofte i fleire kopiar til ulike folk,[2] og i lag med julekort eller fotografi. Eit slikt brev kan oppsummera hendingar i året som har gått for sendaren og familien deira.[3]
Julebrev er ei vanleg form for julehelsing.[4] Brevforma er ofte blitt kritisert for at ho rosemålar røyndommen og kan innehalda banale detaljar og vera egosentriske og skrytande.[5][6][7][8]
I kulturen
endreHello from The Gillespies av Monica McInerney frå 2014 er ein roman der hovudpersonen fortel sanninga i eit julebrev, i staden for den skjønnmåla versjonen ho har sendt dei siste tretti åra.[9][10]
Julebrev er tittelen på ein roman av Kjersti Herland Johnsen frå 2020.[11]
Kjelder
endre- ↑ «julebrev — Den Danske Ordbog», ordnet.dk, henta 14. november 2020
- ↑ «Julebrevforfatter, vær deg selv!», www.dagsavisen.no (på norsk), henta 14. november 2020
- ↑ «Round Robins». Debrett's. Debrett's. Arkivert frå originalen 10. januar 2014.
- ↑ «Julebrev» i Det Norske Akademis ordbok
- ↑ «Julebrev», Boktips (på norsk bokmål), 4. januar 2014, henta 14. november 2020
- ↑ «Why are round-robin letters so annoying?». BBC News. 22. desember 2008. Henta 10. januar 2014.
- ↑ Read, Max (27. januar 2012). «Behold, the Most Obnoxious Christmas Letter Ever». Gawker. Gawker Media.
- ↑ Pritchett, Oliver (17. desember 2012). «Three jeers for the round robin!». The Daily Telegraph. Henta 10. januar 2014.
- ↑ «Hello from The Gillespies, by Monica McInerney», The Irish Times (på engelsk), henta 14. november 2020
- ↑ «Curtis Brown», www.curtisbrown.co.uk, henta 14. november 2020
- ↑ «Julebrev | Kjersti Herland Johnsen | ARK Bokhandel», www.ark.no, henta 14. november 2020