Julekveld i skogen
«Det var julekveld i skogen.
Opninga av Hans Ericssons nynorskversjon av Astor Ericsons «Julekveld i skogen»
|
«Julekveld i skogen» er ein norsk julelåt skriven som ein parodi på ein julesong til Søndagsposten i 1963. Teksten er skriven av Astow Ericson og melodien av Otto Nielsen. Songen parodierer sentimentalitet]en rundt juletida. Songen er ein av rundt 60 som Ericson og Nielsen skreiv i lag, men «Julekveld i skogen» er den som har vorte mest kjend.
Handlinga i songen foregår i ei falleferdig stue i skogen, der det bur eit fattig og gammalt par, utan nokon annan julemat enn «muggen fleskesvor». Armoda desse to lid under vert omtalt med ord som «juletårer», «julehulk» og «julesukk». Jula vert redda av at eldstesonen til paret, familiens svarte får, kjem heim frå Amerika med ein koffert full av julemat og julegåver. Dermed endar songen trass alt lykkeleg med at «Det ble jul allikevel!».
Songen, slik han vart framført av Rolf Just Nilsen i Søndagsposten, har ni vers (eller 4 og eit halvt dobbeltvers). Den opphavlege teksten til Ericson hadde ti vers, men den nest siste, som omtalar ein fyllefest med «julerap og -stønn» vart klipt vekk sidan Otto Nielsen syntest han var for støytande.
I 1998 la Ericson ned forbod mot at NRK fekk sende songen. Bakgrunnen for dette var ifølge Ericson at NRK aldri nemnde Ericson når låten vart framført. Ericson heldt fast på dette forbodet i fleire år, trass i at han tapte pengar på det. I 2003 laga den svenske låtskrivaren Hans Ericsson ein svensk versjon av songen, og Astow Ericson ville ikkje motsetje seg at innspelingar med den svenske eller nynorske teksten vart brukte av NRK.
«Det var eldste son i huset, |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Julekveld i skogen» frå Wikipedia på bokmål 13. desember 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Julefred i skogen Arkivert 2003-12-27 ved Wayback Machine. NRK.no (17.11.2003)
- Nekter å slutte julefred med NRK Aftenposten.no (15.12.02)
Bakgrunnsstoff
endre- Tekst med besifring for gitar Arkivert 2009-02-12 ved Wayback Machine.
- Nynorsk tekst