«Julekveldsvise» er ein julesong av Alf Prøysen. Han får ofte namnet «Nå har vi vaska golvet» etter starten på songen. Songen stod første gong prenta i julenummeret av Magasinet for alle i 1951. Tittelen var då «Julkvelds-visa». Han vart skriven etter oppmoding frå Nils Johan Rud, som var redaktør av bladet.

Melodien er laga av Arnljot Høyland. Han vart opphavleg laga til revyvisa Lærlingens avskjedssang som Prøysen skreiv i 1944. Melodien vart først prenta saman med teksten til Julekveldsvise i juleheftet Julehelg i 1952. I oktober det året song Alf Prøysen visa inn på plate.

KjelderEndra