Arnljot Høyland
Arnljot Høyland (19. februar 1924–21. desember 2002) var ein norsk professor i statistikk ved NTH (i dag NTNU).
Høyland var ein internasjonalt anerkjent fagperson innan feltet matematisk statistikk. Han var sentral i oppbygginga av statistikk som universitetsfag og utga fleire lærebøker. Han gjorde òg ein stor innsats for å nytte statistikk i norsk industri og næringsliv.
Han var cand.real. frå Universitetet i Oslo 1952. I 1963 fullførte han sin doktorgrad (ph.d.) i statistikk ved University of California, Berkeley.
Høyland var universitetslektor ved Universitetet i Oslo 1959–1965. I 1965 vart han tilsett som dosent og seinare professor ved Institutt for matematiske fag på NTH i Trondheim. Her var han professor til 1990 og deretter seniorforskar til 1994.
Julekveldsvisa
endreUtenfor fagmiljøet er han best kjent for å ha komponert melodien til Alf Prøysen si «Julekveldsvise».
I 1996 vart han tildelt St. Olavs Orden.
Kjelder
endre- Julekveldsvisas andre far er død. Aftenposten 22. desember 2002
- St.Olavs Orden til professor emeritus Arnljot Høyland, NTNU