Julia Neuberger
Dame Julia Babette Sarah Neuberger, Baroness Neuberger (fødd 27. februar 1950) er ein rabbinar, sosialreformator og medlem av Overhuset i Storbritannia. Ho vart utdanna ved Newnham College i Cambridge og Leo Baeck College i London, der ho underviste frå 1977 til 1997.
Julia Neuberger | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 17. februar 1950 (74 år) London |
Yrke | rabbinar, faglitterær forfattar |
Språk | engelsk |
Politisk parti | Liberal Democrats |
Religion | Jødedommen |
Ektefelle | Anthony Neuberger |
Julia Neuberger på Commons |
Julia Neuberger, fødd Schwab, var rabbinar i South London Liberal Synagogue frå 1977 til 1989 og blei utnemnd til seniorrabbinar ved West London Synagogue of British Jews i 2011. Ho var òg leiar av Camden and Islington Community Health Services NHS Trust (1992–97) og tidlegare sekretær i og eksekutivsjef av The King's Fund sidan 1997.
Julia Neuberger blei utnemnd til Dame Commander of the British Empire (DBE) i 2003 og i 2004 til medlem av Overhuset på livstid då ho blei gjeven tittelen Neuberger, of Primrose Hill. Ho var medlem av Liberal Democrats fram til utnemninga som seniorrabbinar i 2011, då ho blei sjølvstendig crossbencher.
Kjelder
endre- «Rabbi Julia Neuberger» Arkivert 2013-03-18 ved Wayback Machine., wls.org.uk
- Delar av denne artikkelen bygger på «Julia Neuberger, Baroness Neuberger» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2013.