Julia Simon (fødd 9. oktober 1996) er ein fransk skiskyttar fødd i Albertville. Ho vart verdsmeister 2021 i parstafett og 2023 i jaktstart. Simon gjekk heilt til topps Verdscupen i skiskyting 2023.

Julia Simon


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 9. oktober 1996 (27 år)
Albertville
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 2018, VM i skiskyting 2019, Vinter-OL 2022, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Normaldistanse kvinner, VM i skiskyting 2024 – Sprint kvinner, VM i skiskyting 2024 – Jaktstart kvinner, VM i skiskyting 2024 – Normaldistanse kvinner, VM i skiskyting 2024 – Fellesstart kvinner, VM i skiskyting 2023 – Jaktstart kvinner

Utmerkingar

ridder av Den nasjonale fortjenstorden

Simon kom fyrste gong på pallen i eit verdscuprenn 5. desember 2019 i Östersund, der ho vart nummer 3 på 15 kilometer. 14. mars 2020 sikra ho seg sin fyrste triumf i eit individuelt verdscuprenn i Kontiolahti, då på jaktstart. Ved VM i skiskyting 2021 i Pokljuka vart ho verdsmeister i parstafett, saman med Antonin Guigonnat. Under Vinter-OL 2022 i Kina gjekk ho den andre etappen for det franske mannskapet som tok sølv i mix-stafett. I VM i skiskyting 2023 i Oberhof opna ho med å take ein bronse i mix-stafetten, for så å vinne gullmedaljen på jaktstarten. På meisterskapens siste dag og fellesstarten tok ho ein ny bronsemedalje.

Gjennom 2023-sesongen viste Simon seg som den beste kvinnelege skiskyttaren. Med 1093 poeng vann ho den store IBU-pokalen, 182 poeng framom Dorothea Wierer frå Italia. Pr 31. januar 2024 står Simon bokført med 10-ti sigrar i enkeltrenn i verdscupen i skiskyting.

Kjelder endre