Julie Vinter Hansen

dansk astronom

Julie Marie Vinter Hansen (20. juli 189027. juli 1960) var ein dansk astronom.

Julie Vinter Hansen
Fødd20. juli 1890
København
Død27. juli 1960
Mürren
NasjonalitetKongeriket Danmark
Områdeastronomi
Yrkeastronom, human computer
InstitusjonarUniversity of California, Berkeley
Københavns Universitet
Alma materKøbenhavns Universitet

Bakgrunn

endre

Vinter Hansen var fødd i København. Foreldra hennar var politikaren Jørgen Hansen (1837-1911) og Rasmine Sophie Vinter (1848-1929).[1]

Vinter Hansen tok artium frå N. Zahles Skole i 1910 og begynte året etter på Københavns Universitet. Medan ho studerte blei ho i 1915 tilsett som reknar ved universitetet sitt observatorium på Østervold. I 1917 blei ho den fyrste kvinna som blei mag.scient. i astronomi ved Københavns Universitet.[1]

Karriere

endre

I 1919 tog Vinter Hansen i mot ei nyoppretta assistentstilling ved Observatoriet. I 1921 gav så ei lovendring kvinner tilgang til alle offentlege stillingar, bortsett frå i militæret og i folkekyrkja.[2] Derfor kunne Vinter Hansen bli tilsett som Observator ved Københavns Universitet. Ho blei dermed den fyrste kvinna som fekk embetstilsetjing ved KU, og den fyrste kvinnelege observatøren i Europa.[3]

Hansen blei redaktør av Nordisk Astronomisk Tidsskrift.

Seinare blei ho direktør for Internasjonale Astronomiske Union.

I 1939 blei Hansen den fyrste astronomen på Københavns Universitets observatorium som blei breitt kjend for utrekning av banane til mindre planetar og kometar. Same året fekk ho Tagea Brandts Rejselegat, som blir gjeve til kvinner som har utført eit stort bidrag til kunst eller vitskap. Med pengane ho vann reiste ho frå USA til Japan og tilbake. Utbrotet av andre verdskrigen i 1940 gjorde heimreisa hennar vanskeleg.

Ho fekk eit Martin Kellogg Fellowship ved University of California, noko somgjorde det mogleg for henne å arbeida i USA. Ho blei òg tildelt Annie J. Cannon Award in Astronomy i 1940.

Hansen blei slått til riddar av Dannebrog i 1956, og fortsette karrieren sin ved Københavns Universitet fram til 1960.[4]

Julie Vinter Hansen døydde i 1960 av hjartestopp, berre nokre få dagar før ho skulle ha blitt pensjonert, i den sveitsiske fjellbyen Mürren. Ho blei gravlagd på Vestre Kirkegård i København.

Asteroiden 1544 Vinterhansenia, som blei oppdaga av den finske astronomen Liisi Oterma i 1940-åra, er kalla opp etter henne.

Prisar og utmerkingar

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Dansk Kvindebiografisk Leksikon, Vinter Hansen, Julie Marie
  2. Possing, B. (2019): "Argumenter imod Kvinder", s.163.
  3. Zambach, S. (2018): "Kvinde kend din kode", s. 6; Kvindebiografisk Leksikon
  4. Mürren, Schweiz. «Julie Vinter Hansen (1890 - 1960) Vinter Hansen, Julie Marie». Digital udgave. Henta 19. april 2012.