Opna hovudmenyen

Julius Cæsar Hartmann (2. mars 18891969) var ein norsk kunstmålar fødd i Selje.

Julius Cæsar Hartmann
Fødd 2. mars 1889
Død

5. september 1969

Yrke kunstmålar

Han var ein kjend kunstnar som i mange år var den einaste i ytre Nordfjord som livnærte seg berre av måleri. Mange av måleria hans er av landskap. Han skal ha vore ei tid i Kanada og mange av motiva er herfrå. Etter at han kom heim frå Amerika arbeidde han ei tid som sjømann. Hartmann hadde i periodar svært dårleg råd og mange av måleria hans vart måla på oljedukar i staden for lerret. Dette har ført til at mange av måleria har gått tapt ved at målinga flassar av.

KjelderEndra