Juneau er hovudstaden i delstaten Alaska i USA.

Juneau
Horisonten til Juneau
Horisonten til Juneau
Styresmakter
Land
Delstat
USA
Juneau
Grunnlagd 1881
Geografi
Flatevidd 8 427,626992 km²
Flatevidd
 - By

8 430.4 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)
   - folketettleik

32 164
  4,6/km²
Koordinatar 58°26′40″N 134°13′47″W / 58.44444°N 134.22972°W / 58.44444; -134.22972
Høgd over havet 17 m
Diverse anna
Heimeside: https://juneau.org/
Plassering
Plassering av Juneau
Plassering av Juneau

Byen har eit totalt areal på 8 430,4 km², mykje meir enn staten Delaware til dømes, og ein folkesetnad som utgjer om lag 32 164 innbyggjarar (2011). Sjølve bykjernen har 17 500 innbyggjarar (2005) på eit område på 31 kvadratkilometer.

Juneau ligg på 58,3 ° nordleg breidde, omtrent det same som for Egersund i Noreg. Han er plassert i Alaska Panhandle, «steikjepanneskaftet», den søraustlege delen av staten. Innanfor USA er Juneau einaste hovudstaden på fastlandet utan vegsamband, han kan berre nåast med båt eller med fly. Det er planlagt å byggje veg, men det er politisk kontroversielt.

Byen har ein gjennomsnittleg dag maksimum temperatur på 18 °C i juli og minimum temperatur -4 °C i januar, og han har mykje vind og nedbør, gjennomsnittleg 2280 mm nedbør i året.

I 1994 var det folkerøysting i Alaska om å flytte hovudstaden til Wasilla nord for den største byen i delstaten, Anchorage. Folkerøystinga forkasta framlegget.

Historie endre

Området har vore busett gjennom fleire tusen år av urfolket tlingit. Den 3. oktober 1880 fann Joseph Juneau gull i ein bekk nær dagens by. Saman med Dick Harris reserverte dei eit 0,65 km ² areal med land for seg sjølve med namnet Harrisburg. Informasjon om gullfunnet vart snøgt spreidd over heile regionen og eit fellesskap voks fram. Då staden var stor nok til å rangere som by heldt folket ei avrøysting om bynamnet. Den 14. desember 1881 fekk dei godkjent namnet Juneau.

Fram til 1940 var gruvedrift den største næringa, men under den andre verdskrigen blei fjellanlegget stengt.

Med oljeleidningen Trans-Alaska Pipeline System, i drift frå 1977, fekk byen fekk nye oppgåver.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre