Jungfraubahn er ei elektrisk, meterspora, tannstangbane i Sveits. Sidan august 1912 strekker ho seg frå Kleinen Scheidegg, 2 061 meter over havet, gjennom fjella Eiger og Mönch til skaret Jungfraujoch, den høgstliggjande jarnbanestasjonen i Europa. Den 9,34 kilometer lange bana stig nesten 1400 meter til endestasjonen på 3 454 moh. I meir enn sju kilometer går bana i tunnel. Bana ligg i Berner Oberland, med unnatak for dei siste meterane før endestasjonen som er i kantonen Valais.

Dalstasjonen på Kleinen Scheidegg, med Eiger bakom

Kjelder

endre