Jupitermånen Carme

Carme er ein av månane til Jupiter. Han er den største medlemen av Carme-gruppa, og var truleg del av ein D-type-asteroide som vart fanga inn av Jupiter.

Carme
Oppdaging[1]
Oppdaga avSeth Barnes Nicholson
Oppdagingsdato30. juli 1938
Baneskildring[2]
23 404 000 km
Eksentrisitet0,2533
734,17 dagar (retrograd)
Banehelling164,907°
Satellitt avJupiter
Fysiske eigenskapar
Snittdiameter
46,0 km (om albedoen er 0,04)[2]
6 647,61 km²[2]
Masse1,3188 × 1017 kg[2]
2,6 g/cm³[2]
0,017 m/s²[2]
100 km/t[2]
Albedo0,06 (synleg geometrisk)[3]

Carme vart oppdaga 30. juli 1938 av Seth Barnes Nicholson ved Mount Wilson-observatoriet i California. Han er oppkalla etter den mytologiske Carme, mor til Zevs av Britomartis, ei kretisk gudinne. Månen fekk først namn i 1975, [4] og før den tid vart han berre kalla Jupiter XI. Mellom 1955 og 1975 vart han stundom kalla «Pan», [5] men dette namnet vert no nytta om ein av månane til Saturn.

Kjelder endre

  1. Planet and Satellite Names and Discoverers - Gazetteer of Planetary Nomenclature
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Carme: Facts & Figures Arkivert 2012-10-07 ved Wayback Machine. - NASA Solar System Exploration
  3. Jovian Satellite Fact Sheet - NSSDC
  4. IAUC 2846: Satellites of Jupiter 1974 October 7 (naming the moon)
  5. Payne-Gaposchkin, Cecilia; Katherine Haramundanis (1970). Introduction to Astronomy. Englewood Cliffs, N.J.: Prentice-Hall. ISBN 0-13-478107-4. 
  Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.