Opna hovudmenyen

Jupitermånen Ganymedes

jupitermåne

Ganymedes er den største månen til Jupiter, og den største månen i heile solsystemet. Han vart oppdaga av Galileo Galilei 7. januar 1610, truleg nesten samstundes med Simon Marius, som namnsette månen.

Ganymedes
Ganymede g1 true.jpg
Bilete teke av Galileo-sonden i ekte fargar
Oppdaging
Oppdaga av Simon Marius
Galileo Galilei
Oppdagingsdato 1610
Baneskildring
Eksentrisitet 0,0015
7 dagar 3 timar 42,6 minutt
Banehelling 0,195°
Satellitt av Jupiter
Fysiske eigenskapar
Snittdiameter
5262,4 km
87 millionar km²
Masse 1,482·1023 kg
1,42 m/s² (0,1449 g)
synkron
0–0.33°
Albedo 0,43
Overflatetemp. min snitt maks
Kelvin 113 K
Atmosfære
spor
Samansetjing etter volum Oksygen (100%)

Han har ei omlaupstid på 7,155 døgn og ein middelavstand til planeten på 1 071 millionar km. Diameteren til månen er 5262 km.

Fotografi av yta på Ganymedes

På fotografi frå Voyager-- og Galileo-romsondane viser overflata område med høg kratertettleik. Nokre av kratera er gamle og nesten heilt utviska, medan andre er unge og skarpe med strålesystem. Det finst òg område med 5-10 km breie, ofte parallelle furer som skuldast foldingar i ei tidlegare tynn skorpe. Ganymedes er utanom jorda den einaste kloten der det er påvist foldingar.[1] Observasjonar gjorde av både Hubble-teleskopet og romsonden Galileo tyder på at det finst eit saltvasshav under yta på Ganymedes.[2]

KjelderEndra

  1. «Ganymedes: Jupitermåne», Store norske leksikon, 2009, 13. mai, henta 13. august 2014 
  2. NASA's Hubble Observations Suggest Underground Ocean on Jupiter's Largest Moon - HubbleSite
  Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.