Jurij Oleksandrovitsj Krymarenko[a] (fødd 11. august 1983) er ein ukrainsk friidrettsutøvar som tevlar i høgdehopp. Han vart verdsmeister i øvinga i 2005.

Jurij Krymarenko


Statsborgarskap Ukraina
Fødd 11. august 1983 (41 år)
Berdytsjiv
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2008
Utmerkingar Ærestegnets orden

Aktiv

endre

26. juni 2005 sette Krymarenko personleg rekord med 2,33 m under eit stemne i Langen i Tyskland. I august månad vann han så, svært overraskande, gullmedaljen i høgdehopp-tevlinga under 2005 i Helsingfors med eit hopp på 2,32 m. I finalen var han den einaste som klarte 2,32 m, noko som er den lågaste vinnarhøgda i noko verdsmeisterskap i friidrett. Favorittar, som den olympiske meisteren i 2004 i Aten, svensken Stefan Holm og ei rad andre hopparar klarte einast 2,29 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre

Merknadar

endre
  1. Ukrainsk skrift Юрій Олександрович Кримаренко

Kjelder

endre