Stefan Holm
Stefan Christian Holm (fødd 25. mai 1976) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar som konkurrerte i høgdehopp. Han vann OL-gull i 2004, og tok i tillegg to EM-medaljar og ein VM-medalje i øvinga. 181 centimeter høge Holm var relativ kortvaksen til høgdehoppar å vere, men makta likevel å hevde seg mot verdseliten i over ti år. Innandørs sikra han seg fire VM-gull og to EM-gull.
Stefan Holm | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 25. mai 1976 (48 år) Forshaga |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000 |
Aktiv
endreHolms internasjonale gjennombrot kom under Sommar-OL 2000 i Sydney der han vart nummer fire med 2,32 m. Nokre månader seinare vann han det fyrste av fire gullmedaljar i innandørs-VM; 2001, 2003, 2004 og 2008. Han trivdes openbert godt innandørs, også i innandørs-EM fekk han med seg to gullmedaljar, 2005 og 2007.
Utandørs vann han sølvemdaljar i både EM 2002 og VM 2003. 2004 vart hans store jubelår som høgdehoppar. Etter han hadde sigra i innandørs-VM i Budapest, vann han den olympiske gullmedaljen i sommarleikane i Aten, før han avrunda sesongen med siger i IAAF-finalen i Monaco.
Etter OL i Aten sikra han seg nye innandørs-triumfar, utandørs fekk han ein bronsemedalje i europameisterskapen på svensk heimebane i 2006. Han avslutta med fjerdeplassar både i friidretts-VM 2007 og Sommar-OL 2008. Holm forbetra sin personleg rekord utandørs til 2,37 m i 2008. Innandørs svinga han seg over 2,40 m då han vann EM-gull i Madrid i 2005.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap, utandørs
endre- EM 1998 i Budapest: Nr 7 – 2,27 m
- VM 1999 i Sevilla: Nr 10 – 2,25 m
- OL 2000 i Sydney: Nr 4 – 2,32 m
- VM 2001 i Edmonton: Nr 5 – 2,30 m
- EM 2002 i München: Sølvmedalje – 2,29 m, bakom Jaroslav Rybakov (2,31 m)
- VM i 2003 i Paris: Sølvmedalje – 2,32 m, framom Mark Boswell (2,32 m)
- OL 2004 i Aten: Gullmedalje – 2,36 m, framom Matt Hemingway (2,34 m)
- VM i 2005 i Helsingfors: Nr 7 – 2,29 m
- EM 2006 i Göteborg: Bronsemedalje – 2,34, bakom Tomáš Janků (2,34 m)
- VM 2007 i Osaka: Nr 4 – 2,33 m
- OL 2008 i Beijing: Nr 4 – 2,32 m
Personlege rekordar
endre- Utandørs: 2,37 m (13. juli 2008, Aten)
- Innandørs: 2,40 m (6. mars 2005, EM Madrid)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Stefan Holm» frå Wikipedia på engelsk, den 16. april 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Stefan Holm» frå Wikipedia på svensk, den 16. april 2015.