Juscelino Kubitschek

Juscelino Kubitschek de Oliveira (12. september 190222. august 1976 var ein brasiliansk politikar, president 1956-61 i landet som representant for sentrumspartiet Partido Social Democrático (PSD).

Juscelino Kubitschek

Kubitschek var utdanna lege. Under president-valgkampen lovde han «femti års framgang på fem». Som president vart han vidkjend for si ambisiøse byplanlegging, framom alt for vedtaket om å flytte hovudstaden i landet frå Rio de Janeiro. Den nye hovudstaden Brasília vart bygt på fire år, Kubitschek innvigde i 1960 sjølv den nye hovedstaden. Trass økonomisk og kulturell vekst gjennom presidentperioden, førte bygginga av Brasília til at inflasjonen steig frå 19 prosent i 1956 til 43 prosent i 1961.

Kubitschek gjekk av som president i 1961 og var deretter senator for delstaten Goiás. Under militærdiktaturet var PSD-partiet frå 1964 forbode og Kubitschek utestengd frå all politisk aktivitet i ti år. Han omkom i ei bilulykke i 1976, men var så populær at militærregjeringan erklærte tre dagars landesorg.

Kjelder endre