Justøy
Justøy er ei øy og eit sokn i tidlegare Vestre Moland prestegjeld og Lillesand kommune i Agder. Namnet kjem frå norrønt Jóstr.
Justøy | |
---|---|
Brekkestø på Justøya Foto: Karl Ragnar Gjertsen | |
Geografi | |
Stad | Sørlandet |
Koordinatar | 58°12′33″N 08°21′40″E / 58.20917°N 8.36111°E
|
Areal | 7,9 km²
|
Høgaste punkt | Ureheia (66 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Agder
|
Justøy har brusamband til fastlandet og spreidd busetnad. På øya ligg den gamle uthamna Brekkestø, eit minne om seglskutetida på Skagerrakkysten.
Justøy har eit areal på 7,9 km². Øya er i stor grad prega av sommarturisme, men har òg ein del av fastbuande. Det finst ein Montessoriskule, kapell, kyrkjegard, campingplass på øya, samt sommaropen butikk i Brekkestø.
På Nyberg, like ved Brekkestø, er det ruinar frå den andre verdskrigen. Eit tysk forsvarsanlegg med bunkersar ligg der. Det vart bygd av norske krigsfangar. Dette anlegget heitte Festung Björkestraße.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Justøy» frå Wikipedia på bokmål, den 9. april 2008.