Jysk hest er ein dansk trekkhestrase.

Jyske hestar i arbeid i København

Raseskildring endre

 
Jyske hestar ved Vorup Enge nær Randers.

Jysk hest er tungbygd og sterk. Hesten er vanlegvis raud med lys man og hale, men andre fargar er og tillatne etter rasestandarden. Avlsmålet er å avle fram ein mellomstor, harmonisk, muskuløs og triveleg hest med god djupn og breidde, og med eit arbeidsviljug, fromt og tillitvekkjande lynne.

Historie endre

Dagens stamme av jysk hest kan sporast tilbake til 1860-talet, då lokale hopper på Jylland vart kryssa med ein innført engelsk hingst, som skal ha vore ei krysning mellom rasane shirehest og suffolk. Denne hingsten var raud med kvite sokkar. Tidleg på 1900-talet var hesterasen særs talrik, og var i bruk som arbeidshest både i landbruket og i byane. Frå midten av 1900-talet og i tiåra frametter vart hesten sine arbeidsoppgåver overtekne av bil og traktor, og talet på individ sokk. Sidan 1928 har jyske hestar vore nytta til å trekke bryggerivogner for bryggeriet Carlsberg. På det meste hadde dei 210 jyske hestar.

Førekomst endre

Der finst berre nokre hundre individ att av rasen, og eit verneprogram er sett i verk.

Bruk endre

Den jyske hesten vert nytta innan jordbruk og transport. Bryggeriet Carlsberg har om lag 15 jyske hestar som framleis køyrer øl i København. Desse dyra deltek òg ved oppvisningar, byfestar og liknande.

Kjelder endre