Carlsberg er eit dansk bryggeri som vart grunnlagd i 1847 av J.C. Jacobsen. Hovudkvarteret er i København i Danmark. Hovudmerket deira er Carlsberg, men dei brygger òg Tuborg og fleire lokale øltypar.[1] Etter samanslåinga med det norske konglomeratet Orkla ASA i januar 2001 vart Carlsberg den femte største bryggerigruppa i verda. Carlsberg er den leiande på ølsalg i Russland med rundt 40 prosent av marknaden.[2] I 2009 vart Carlsberg det fjerde største bryggeriet i verda med rundt 45 000 tilsette.[3]

Ei flaske Carlsberg-øl.

Historie endre

Carlsberg vart grunnlagd av J.C. Jacobsen og første brygget deira var ferdig 10. november i 1847. Carlsberg byrja eksportere øl i 1868 og brygging utanlands byrja i 1968 med opninga av eit bryggeri i Blantyre i Malawi.[4] Den opphavlege logoen viste ein elefant og ein svastika. Svastikaen kvitta dei seg med i 1930-åra, då det tyske nazistpartiet tok hevd på symbolet og sulka det til. Grunnleggjaren J.C. Jacobsen var ein filantrop og ihuga kunstsamlar. Han samla seg ei imponerande kunstsamling som no er i Ny Carlsberg Glyptotek i København.

Jacobsen starta Carlsberg Laboratorium i 1875. Der skulle ein arbeide med vitskaplege problem knytte til brygging. Laboratoriet fekk ei kjemiavdeling og ei fysiologisk avdeling. Gjærarten som blir brukt til å lage lys lager, Saccharomyces carlsbergensis, vart isolert på laboratoriet og namngitt etter det. Konseptet pH vart utvikla der saman med utvikling innan proteinkjemi.[5]

Den første lisensen i USA vart gitt til Photos Photiades Breweries, og i 1966 vart Carlsberg-øl brygga for første gongen utanfor Danmark ved Photiades bryggeri på Kypros. Carlsberg overtok Tuborg-bryggeria i 1970 og slo seg saman med Tetley i 1992. I 2008 kjøpte Carlsberg, saman med Heineken, Scottish & Newcastle bryggeri, det største bryggeriet i Storbritannia.

Regionale operasjonar endre

Carlsberggruppa delar operasjonane sine inn i tre markeder: Nord- og Vest-Europa, Aust-Europa og Asia.

Kjelder endre

  1. Nettstaden til Carlsberg Group, arkivert frå originalen 7. februar 2012, henta 11. juli 2013 
  2. Andrew E. Kramer (Jul 20, 2011), «Russian Law to Restrict Beer Sales», The New York Times
  3. Pubzone.com, arkivert frå originalen 6. august 2010, henta 11. juli 2013 
  4. Nettstaden til Carlsberg Group
  5. "Sørensen, Søren Peter Lauritz (1868–1939)" Arkivert 2006-10-04 ved Wayback Machine.. 100 Distinguished European Chemists. European Association for Chemical and Molecular Sciences. Retrieved 2007-01-09.