Káto Nevrokópi
Lokalt namn Κάτω Νευροκόπι

Geografi
Stad Makedonía
Koordinatar 41°21′N 23°52′E / 41.350°N 23.867°E / 41.350; 23.867
Areal 872,0 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Aust-Makedonía og Thráki
Dráma
Hovudsete Káto Nevrokópi (1 855 innb.)
Demografi
Folketal 5 323 (2021[1])
Folketettleik 6,1 /km²

Káto Nevrokópi (gresk Κάτω Νευροκόπι) er ein distriktsby og ein kommune i periferieininga Dráma i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas.[2]

Kommunen Káto Nevrokópi ligg nordvest for Dráma. Han grensar i vest til Sérres og strekkjer seg i nord opp i Rodopifjella til grensa mot Bulgaria.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 5 323 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 1 855 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader

endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Káto Nevrokópi 2 157 1 855
Vólakas 1 028 783
Perithório 898 569
Levkója 466 321
Okhyró 514 314

Referansar

endre
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.