Kåfjord FK
Kåfjord Fotballklubb var frå 1971 til 2007 eit idrettslag for Olderdalen og grannebygdene i Kåfjord kommune i Troms.
Kåfjord FK | |||
Skipa | 1971-7. mars 2007 | ||
---|---|---|---|
Land | Noreg | ||
By | Olderdalen | ||
Stad | Kåfjord kommune |
Kåfjord FK nådde sitt høgste nivå då fotballaget åra 1983-85 deltok i 3. divisjon. Både i 1983 og 1984 nådde Kåfjord FK 3. runde i Noregsmeisterskapen i fotball, etter å ha slått ut høvesvis Lyngen IL og Karnes IL i 2. runde, for så å ryke ut mot høvesvis Mo IL og Harstad IL i 3. runde.
Kåfjord FK var frå 2001 ute av seriesystemet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kåfjord Fotballklubb» frå Wikipedia på bokmål, den 24. mai 2024.