Kåfjorden ved Nordkapp
Kåfjorden (samisk Gávkevuotna) er ein fjord i Nordkapp kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4,5 km sørover til Indre Kåfjord i botn av fjorden. Fjorden ligg på sørsida av Magerøysundet og kan reknast som ein fjordarm av Porsangerfjorden som ligg litt lenger aust.
Kåfjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Nordkapp | ||
Kåfjorden ved Nordkapp 70°52′54″N 25°44′27″E / 70.8816°N 25.7409°E | |||
Wikimedia Commons: Kåfjorden, Nordkapp |
Fjorden har innløp mellom Kåfjordnova i vest og Svabergneset i aust. Bygda Kåfjord ligg på austsida av fjorden. Nord for Kåfjord ligg grenda Ytre Kåfjord. På vestsida av fjorden går den vesle fjordarmen Vesterpollen vestover. Inst i Vesterpollen startar Nordkapptunnelen som går under Magerøysundet til Magerøya. Fjorden er 55 meter på det djupaste, ved munningen.
E69 går langs indre delar av fjorden. 70°53′27.715″N 25°43′50.401″E / 70.89103194°N 25.73066694°E