Kåpe
Kåpe (av norrønt kápa) er eit kne- eller fotsidt klesplagg som dekker overkroppen og er meint for utandørsbruk. Det blir vanlegvis nytta av kvinner, og tilsvarar frakk for menn.[1]
Kåper kan vera av ei rekkje ulike materiale, som skinn, pels, ull, lin og bomull, eller kunststoff som viskose og polyester.[2] Dei kan ha ulike lengder, frå lårlengd til å vera fotside, og har som regel lange erme. Kåper kan også ofte ha belte, krage og slag.[3][4]
Badekåpe eller morgonkåpe er mindre formelle klede ein kan bruka i samband med avkleding eller bading.[5][6]
Kåpe kan også visa til ei sid kappe brukt som vyrdnadsteikn av fyrstar og geistlege, som ei kroningskåpe eller ei bispekåpe.[1]
Galleri
endre-
Ullkåpe frå rundt 1890 selt i Seattle.
-
Grå ullkåpe frå rundt 1940-talet.
-
Oransje ullkåpe frå 1972 designa av André Courrèges.
-
Dronning Elizabeth II i lilla kåpe i 2014.
-
Huma Qureshi i raud kåpe i 2017.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «kåpe» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «Lange kåper: Ruter, beige, grå og vintage», MinMote (på norsk), 24. januar 2023, henta 2. september 2024
- ↑ Ruus, Mari (19. november 2010), «Ti lekre vinterkåper», www.klikk.no (på norsk bokmål), henta 2. september 2024
- ↑ Busterud, Kjersti (3. oktober 2009), «Her er høstens kåpetrend», Nettavisen (på norsk), henta 2. september 2024
- ↑ «badekåpe» i Nynorskordboka.
- ↑ «morgonkåpe» i Nynorskordboka.
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter kåpe i digitaltmuseum.no