Kroning er ein seremoni der ein fyrste blir rituelt innsett i stillinga si. Dette skjer vanlegvis ved at ei krone blir sett på hovudet til monarken under høgtidelege omstende. Fyrsten blir gjerne også gjeven andre kronregaliar.

Kroninga av Ludvig VI av Frankrike i Orléans.

Kroningsseremoniar er kjende frå oldtida. Ho blei teken i bruk av keisarane i Aust- og Vestromarriket. I Europa blei kroning saman med salving utført av geistlege som teikn på at kyrkja godkjende fyrsten.

Kjelder

endre
  Denne historieartikkelen som har med samfunn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.