Kélétigui Diabaté

Kélétigui Diabaté (193130. november 2012)[1] var ein malisk musikar, skildra som ein «uomstridd meister» på balafonen,[2] og som «ein av dei viktigaste personane i moderne malisk musikk».[3]

Kélétigui Diabaté
Fødd1931
FødestadMali
Død30. november 2012 (81 år)
DødsstadBamako
OpphavMali
Aktiv1950-åra til 2012
InstrumentBalafon, gitar, saksofon
Verka somMusikar

Seint i 1950-åra var han med å skipe Orchestre de la Garde Républicaine, som turnerte i Vest-Afrika. Han var òg gitarist og med å skipe L'Orchestre National «A» de la République de Mali, som òg vart kalla Formation A. Dette bandet starta då Mali fekk sjølvstendet sitt i 1960. Eit album av gruppa kom ut i Tyskland i 1970.[3]

Han vart så med i Les Ambassadeurs, som etter 1972 vart leia av songaren Salif Keita.[4] Han utvikla spelestilen sin etter å ha spelt ein konsert med dei amerikanske jazzmusikarar, inkludert vibrafonisten Lionel Hampton og songaren Ella Fitzgerald i 1978.[3]

Han kom saman att med Salif Keita i 1989 og spelte på Keita-albumet Ko-Yan, og spelte på album med musikarar som Zap Mama, Ketama og Bonnie Raitt.[3] Mellom 1998 og 2009 spelte han med bandet til gitaristen Habib Koité, Bamada. Han spelte inn sitt eige album, Sandiya, i 2004.[3]

Kjelder

endre