Königspitze (italiensk Gran Zebrù) er ein 3 851 meter over havet høg fjelltopp i Ortleralpane, på grensa mellom provinsane Bolzano og Lombardia i Italia. Det mykje bredekte fjellet består i hovudsak av dolomitt.

Königspitze
fjell
Königspitze sett frå nordvest
Land  Italia
Fjellkjede Ortleralpane
Høgd 3 851 moh.
Primærfaktor 424 m m
Førstestiging 1854
Koordinatar 46°28′43″N 10°34′6″E / 46.47861°N 10.56833°E / 46.47861; 10.56833
Kart
Königspitze
46°28′43″N 10°34′06″E / 46.478611111111°N 10.568333333333°E / 46.478611111111; 10.568333333333
Wikimedia Commons: Königspitze

Stephan Steinberger hevda å ha vore fyrstemann på toppen i 1854, ei bestiging som sidan har vore mykje omstridd då mange har funne det tvilsamt om at turen let seg gjennmføre slik han skildra den. Ti år seinare gjorde to britiske fjellklatrarar i lag med to lokale fjellførarar den fyrste sikre toppturen.

Under fyrste verdskrigen var Königspitze strategisk viktig og det vart kjempa hardt om kontrollen over fjellområdet. Gjennom det 20. hundreåret vart det klatra fleire ruter i nordveggen på fjellet. Königspitze var særleg kjend for den såkalla rullekaka (Schaumrolle), ein veldig snøskavl på toppegga som brast i 2001 og fall i avgrunnen. Sterk nedsmelting av isbreane og tining av permafrosten gjer at ein topptur langs normalruta i dag er noko meir krevjande enn i tidlegare tider.

Kjelder endre