Körös
elv i Ungarn
Körös (på ungarsk) eller Criş (på rumensk) er ei elv aust i Ungarn. Ho vert danna der elvane Crişul Alb (ungarsk Fehér-Körös) og Crişul Negru (ungarsk Fekete-Körös) renn saman nær Gyula (rumensk Ghiula). Crişul Repede (ungarsk Sebes-Körös) munnar ut i Körös nær Gyoma. Alle desse tre elvane har utspring i Apusenifjella i Romania. Körös munnar ut i Tisza nær Csongrád.
Körös | |||
elv | |||
Körös nær Kunszentmárton
| |||
Land | Romania, Ungarn | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 27 537 km² | ||
Lengd | 560 km | ||
Kjelde | Ved Crişul Alb og Crişul Negru | ||
Munning | Tizsa | ||
Körös 46°55′13″N 20°58′39″E / 46.9202°N 20.9775°E | |||
Wikimedia Commons: Körös |
Området rundt elva nyttar henne til kunstig vatning og blir nytta til dyrking av ris, mais og kveite.[1]
I antikken vart elva kalla Crisus, Crisia, Grisia eller Gerasus, medan eit eldre tysk namn på elva er Kreisch.
Kjelder
endre- ↑ «Körös» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Körös» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2007.