Gyula
byar i Ungarn
Gyula (rumensk: Giula, tysk: Julau, serbisk: Ðula) er ein by søraust i Ungarn. Han høyrer til fylket Békés og har om lag 35 000 innbyggjarar. Byen ligg nær grensa til Romania ved elva Fehér-Körös (rumensk: Crişul Alb). Byen er kjend for ei mellomalderborg og eit spa med varme kjelder. Ferenc Erkel, som komponerte den ungarske nasjonalsongen, og Albrecht Dürer den eldre som var far til Albrecht Dürer, var fødde i Gyula.[1]
Gyula | |||||
---|---|---|---|---|---|
Borga i Gyula | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Region Megye |
Ungarn Den sørlege store sletta Békés fylke | ||||
Først nemnd i | 1313 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
255,8 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2004) - folketettleik |
32 700 129/km² | ||||
Koordinatar | 46°39′00″N 21°17′00″E / 46.65000°N 21.28333°E | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 5700 | ||||
Telefon-retningsnummer | 66 | ||||
Heimeside: www.gyula.hu |
Gyula (uttalt ˈɟulɒ, ⓘ) har namn etter den ungarske mellomalderherskaren Gyula III.[1] Det er òg eit førenamn i Ungarn.
Kjelder
endre- Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 Antal Papp: Magyarország (Hungary), Panoráma, Budapest, 1982, ISBN 963 243 241 X, p. 860, pp. 453-456