KNM Horten er eit skip i den norske marinen.

KNM Horten på vitjing i høve opninga av Spangereidkanalen

Fartøyet vart bygd ved Horten verft i 1978. Opphavleg var KNM Horten støttefartøy for undervassbåtar og missiltorpedobåtar. I 1985 vart KNM Horten mellombels kongeskip. Frå 1989 var fartøyet skvadronbåt for Skuleskvadronen, som bestod av KNM Hessa, KNM Vigra og KNM Horten.

Seinare har skipet vorte nytta til opplæring av den fyrste besetninga til Nansen-klassen.

Fakta:

  • Lengd: 87,4 meter
  • Breidd: 13, 0 meter
  • Djuptgåande: 4,86 meter
  • Fart: 15 knop
  • Deplasement (fullt utrusta): 2535 tonn
  • Deplasement (lett skip): 1697 tonn
  • Heimehamn: Haakonsvern Orlogsstasjon

Kjelder endre