Kaare Bratung

illustratør

Kaare Bratung (fødd 5. juli 1906 i Bodø, død 1985) [1][2] var ein norsk teiknar og teikneserieskapar. Han lærte seg teikning og måling på Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo. Før han tok til som teikneserieskapar arbeidde han som reklameteiknar og teiknar for vekeblad.

Kaare Bratung
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. juli 1906
Bodø
Død

5. mars 1985 (78 år)

Yrke illustratør, teikneserieskapar

Under andre verdskrigen vart Bratung arbeidslaus. Han sette då i gang med å lage teikneseriar av J. F. Cooper sine indianarforteljingar Hjortefot, Stifinnar og Den siste mohikanar. Desse fekk han gjeve ut i 1942 og 1946.

Dei best kjende teikneseriane Brantung skapte er Baldrian, Dagros og Professoren. Desse finn ein enno i norske aviser.

Kaare Bratung fekk Kultur- og kirkedepartementets sin teikneseriepris i 1977 for teiknearbeidet sitt.

Kjelder endre

  • Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene Egmont serieforlag 2004

Fotnotar endre