For staden i Sverige, sjå Karesuando.

Kaaresuvanto, også skrive Karesuvanto (nordsamisk Gárasavvon, på svensk også Karesuando) er ein tettstad i Enontekiö kommune i Lappland i Finland. Han ligg ved Muonioälven og Europaveg 8, og har rundt 140 innbyggjarar. På andre sida av elva ligg den svenske tettstaden Karesuando, og dei to stadane er knytte saman med ei bru og ein grenseovergang. Ein kan seia at dei er den same tettstaden (med 450 innbyggjarar), ettersom dei ligg svært nær kvarandre geografisk og har felles historie. På svensk bruker ein ulike namn om dei to stadene, medan finskspråklege brukar det finske namnet om begge stadene.

Kaaresuvanto
busetnad
Land  Finland
Kart
Kaaresuvanto
68°27′04″N 22°29′09″E / 68.4510494°N 22.4859149°E / 68.4510494; 22.4859149
Wikimedia Commons: Kaaresuvanto

Kjelder

endre

68°27′5″N 22°29′9″E / 68.45139°N 22.48583°E / 68.45139; 22.48583