Opna hovudmenyen
Tabliczka E8.svg
E8

Europaveg 8 (E8) er ein europaveg som går frå Tromsø til Åbo (finsk Turku) i Finland. Mellom Nordkjosbotn og Skibotn delar han trasé med europaveg 6. I Finland følgjer han i hovudsak grensa til Sverige ned til Bottenvika. Vegen har ei lengd i Noreg (utanom felles trasé med E6) på 117,9 km.

Trasé fastlagt av UNECE: Tromsø - Nordkjosbotn - Skibotn - Kilpisjärvi - Torneå - Uleåborg - Vasa - Åbo.

HistorikkEndra

Namnet E78 vart innført 1. juni 1965 for strekninga Tromsø - Kilpisjärvi - Torneå. UNECE avgjorde i 1983 å reformere systemet. E78 skulle få nummeret E08 og E6 skulle få nummeret E47. Det tok nokre år med forhandlingar om E6 og først 1992 vart det nye systemet innført i Noreg der E8 gjekk (Tromsø - Kilpisjärvi - Torneå). E8 vart forlenga frå Torneå til Åbo i 2002. Før 1985 gjekk E8 frå London via Hoek van Holland - Hannover - Berlin til Brest i Kviterussland.

KnutepunktEndra

For meir om dette emnet, sjå europaveg 8 i Noreg og europaveg 8 i Finland.
 
Tromsøysundet, Tromsø. E8 passerer under brua i forgrunnen.
 
Nordkjosbotn frå aust under Nordkjosmessa 2007..
 
Grensestein på grensa mellom Noreg og Finland
 
Riksveg 21 ved Kilpisjärvi
  Noreg
Trasé Stad Knutepunkt Merknad
   Tromsø
  Tromsøysundtunnelen 3500 m, 102 muh.
Nordkjosbotn E6 felles trasé til Skibotn
Skibotn E6
  Kilpisjärvi
  Finland
Trasé Stad Knutepunkt Merknad
  21 Kilpisjärvi
Leutsuvaarat   det høgaste punktet på vegen, 570 moh.
Kaaresuvanto E45 Karesuando, Sverige
29 Torneå E4 29
  Torneå-Salminpää
  4 Keminmaa E75 4 felles trasé til Haaransilta
  Haukipudas-Kello
Uleåborg
  8 Limingo-Haaransilta E75 4
  3 Vasa E12 3 felles trasé til Marasbacken
  8 Marasbacken E12 3
  Reso
  Åbo-Oxbacka E63
Åbo-Hamn E18

KjelderEndra

sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra